Andreas Baader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Andreas Bernd Baader (6. mai 194318. oktober 1977) var ein sentral person i den venstreorienterte terrororganisasjonen Rote Armee Fraktion (RAF), òg kjend som Baader-Meinhof-banden.

Andreas Baader, Ulrik Meinhof og Gudrun Ensslin var dei mest sentrale personane ved skipinga av RAF i 1968. Gjennom 70-talet gjennomførte dei fleire store terroraksjonar, mellom anna flykapring, brannar og kidnappingar.

Andreas Baader var i fengsel fleire gonger. Til slutt vart han i 1977 dømd for fleire drap, drapsforsøk og for å ha vore med å stifta ein terrororganisasjon. Baader døydde i fengselet seinare same år, etter å ha vorte skoten. Forklaringa frå offisielt hald var at han og Jan-Carl Raspe hadde teke sjølvmord. Irmgard Möller, ein annan RAF-medlem som sat inne saman med dei, vart funnen med fire knivstikk, men overlevde. Ho hevdar at dødsfalla var utanomrettslege avrettingar.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.