Anna Dyken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Dyken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juni 1912
Død

30. oktober 2008 (96 år)

Yrke forfattar, journalist

Anna Dyken (29. juni 191230. oktober 2008) var ein norsk forfattar og journalist.[1]

Ho tok eksamen artium i 1932 og vart seinare utdanna ved Hallings journalistskule. Dyken var tilsett i reklamebyrå (1936-39) og i Aker Reguleringsvesen (1939-41), før ho jobba som frilansjournalist. I Aftenposten skreiv ho reisekildringar og petitar under pseudonymet Annik. Frå 1950-talet til 1970-talet skreiv ho bøker for ungdomsjenter, blant anna serien om Trinselire. I løpet av karrieren som forfattar vart ho tildelt to stipend frå Den norske Forleggerforening. Anna Dyken sat i Ullern Menighetsråd i perioden 1969-73 og var formann i Ullern Menighets kvinneforening i 12 år.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Trinselire tar risken (1957)
  • Trinselire og sølskrinet (1957)
  • Feriejobben (1961)
  • Fødselsdagsgaven (1962)[3]
  • Travel tid for Trinselire (1970)
  • Fire til fjells med Unni
  • Trinselire og Måkøymysteriet
  • Gud som har oss småbarn kjær

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten 5. november 2008, side 14, Anmeldte dødsfall 3. november
  2. «Hvem er hvem i norsk kulturliv?». Dreyer. Henta 12. februar 2020. 
  3. Anna Dyken. «Fødselsdagsgaven». www.nb.no. Henta 11. februar 2020.