Anorexia nervosa
Anorexia nervosa, på norsk anoreksi, er ei av dei vanlegaste eteforstyrringane. Forstyrringa fører til at den sjuke ikkje har eit reelt bilete av seg sjølv, og et lite eller ingenting. Eteforstyrringa kan difor føre til ekstrem avmagring og av og til også død. Pasientane held fram å slanke seg trass i at dei er avmagra. Tilstanden er klassifisert som ei psykisk liding i det offisielle diagnosesystemet ICD-10. Ordet anorexia kjem fråa latin, og tyder «apetittløyse».
Årsaksforhalda er komplekse, det er sansynleg at både psykologiske, sosiale og organiske faktorer spelar inn. Familietilhøve, som til dømes konfliktar mor—dotter, vert ofte nemnd som avgjerande, men dette er lite dokumentert gjennom forskning. Vestlig kultur med sterke tynnhetsideal og slankepress mellom unge mennesker har sannsynligvis innverknad for utvikling av anoreksi. Perfeksjonistiske personlegdomstrekk, lågt sjølvbilde og lite sosialt nettverk er sett på som risikofaktorar. Sjukdommen er relativt hyppig i visse idrettsmiljø og i modellyrke. Anoreksi er den psykiske sykdommen med høgast dødelegheit. Den har ei dødelegheit på 5-10% (dødelegheiten skuldast i hovedsak somatiske komplikasjoner eller sjølvmord).
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Anorexia nervosa» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juni 2009.