Anschluss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anschluss er Nazi-Tyskland si annektering av Austerrike den 12. mars 1938.

Da Austerrike-Ungarn fall saman i 1918 vart den første republikken til - Republik Österreich, utropa 12. november 1918. Austerrike vart no ein forbundsrepublikk, noko som vart slege fast i konstitusjonen i 1920. Straks etter Første verdskrigen vart det diskutert ei tilslutning til Tyskland, da landet hadde minka mykje i storleik og ikkje lenger var ei stormakt. Det heile vart stoppa av sigersmaktene, som ikkje ville sjå ei utviding av Tyskland. Det leidde også til at dei forkasta det første namnet, Demokratische Republik Deutschösterreich (Tysk-austerrike), da ein ville få bort koplinga mellom landa.

Tanken om eit Anschluss med Tyskland var populært i Austerrike, kanskje framfor alt blant sosialdemokratane. Kan hende hadde ei samanslåing av dei to landa først på 1920-talet styrkt demokratiet. Sosialdemokratane mista interessa for tilslutning til Tyskland da Hitler kom til makta der i 1933.

Den 12. mars 1938 gjekk tyske troppar over grensa og møtte ingen motstand, da kanslar Kurt von Schuschnigg ikkje "ville spille noko tysk blod". Den 13. mars bestemte Hitler at landet skulle vere ein del av Tyskland. Det vart så halde ei liksom-folkeavstemming der 99,7 prosent stemte for tilslutninga.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]