Arkimedes-spiralen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arkimedesspiralen vart driven med handmakt og kunne heve vatn effektivt.

Arkimedes-spiralen eller Arkimedes-skruen er ei trykklaus pumpe. Han vart laga for at vatn skulle kunne transporterast oppover.

Det er forskjellige soger om korleis Arkimedes kom på pumpa. Ei var at han hadde følgt med på kvinnene som henta vatn, og han tenkte at det måtte vere ein enklare måte å gjere det på. Nokre meiner at han var på veg tilbake frå Egypt og på reisa såg at det kom mykje vatn inn i båten, og at han då såg behovet for ei pumpe for å fjerne vatnet att. Apparatet består av ein stor spiral som er skjult inne i eit røyr, og sidan spiralen liknar på ein skrue vert han òg kalla Arkimedes-skruen. Spiralen ligg i ei renne, eller eit røyr, så vatnet ikkje renn ut att. Når spiralen vert sveiva rundt, vert vatnet ført oppover mot toppen av røyret.

Arkimedes-spiralen er framleis i bruk, for til dømes å pumpe vatn opp frå kanalar, for å transportera korn (kornskruv), for å frakte bort lausmassar i samband med tunnellboring og gruvedrift og så vidare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]