Asimut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
HorizAltAz.png

Asimut (Az) er vinkelen langs horisonten i horisontalkoordinatar. Innan astronomi vert vinkelen (0-360°) målt vestover frå sørpunktet på horisonten (S). Ved geodesi (kart og oppmålingsarbeid) vert asimut målt austover frå nordpunktet. Vinkelen vert i begge tilfelle målt med klokka.

I horisontalkoordinatar er den andre koordinaten elevasjon (Alt).

I tredimensjonale polarkoordinatar er asimutvinkelen mellom den positive x-aksen og projeksjonen av ein vektor frå origo mot objektet i xy-planet. I sylindriske polarkoordinatar vert vinkelen skrive θ (theta), i sfæriske polarkoodinatar vert anten θ eller φ (phi) nytta.

Azimut kan også samanliknast med kartkurs.

I magnetbandspelarar er asimut vinkelen mellom bandet og lesehovudet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]