Asmara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gate i Asmara.
Kinoen i Asmara.

Asmara er hovudstaden og den største byen i Eritrea. Han hadde eit estimert innbyggjartal på 601 000 i 2007.[1]

Asmara voks fram frå fire landsbyar grunnlagt som handelsutpostar på 1100-talet. I 1897 blei byen hovudstad i den italienske kolonien Eritrea. På slutten av 1930-talet gjorde italienarane store endringar i bybildet. Det blei bygd ei rekke hus i art deco-stil. Mange bygningar i byen stammar frå denne tida, og fleire av dei har framleis italienske namn. Den italienske arva kan også sporast til kaffibarar og pizzarestaurantar, noko som har gjeve Asmara kallenamna «Vesle Roma» og «Italia sin afrikanske by».

Asmara har Bergen i Noreg som vennskapsby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]