Astronomisk epoke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I astronomi er epoke ein augneblunk i tid der himmelkoordinatane eller baneelementa er spesifisert. For himmelkoordinatane er posisjonen ved andre utrekna ved å sjå på presesjon og eigenrørsle. For baneelement er det naudsynt å ta omsyn til avvik/påverknader av andre lekamar for å rekne ut baneelement for ei anna tid.

Epokestandarden nytta no er J2000.0 som er 1. januar 2000 klokka 12.00 jordtid (jordtid blir au kalla terrestrisk tid, TT). Bokstaven 'J' viser at typen epoke er juliansk epoke. Den førre epokestandarden var B1950.0, der 'B'-en står for besseliansk epoke.

Etter 1984 er juliansk epoke i bruk, tidlegare var det besseliansk.

Epoke for baneelement er vanlegvis gitt i jordtid (TT), i fleire format, t.d.: