Aurland kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kraftmast i Låvisberget.
Foto: Jun Kwang Han
Høgspentlinjer i nedre delen av Aurlandsdalen.
Foto: Jun Kwang Han

Aurland kraftverk er eit vasskraftverk i Aurland kommune i Vestland. Kraftverket, som er det tredje største i Noreg[1], starta produksjonen i 1973 og var ferdig utbygd i 1989. Kraftverket vert også kalla Aurland I.

Tre peltonturbinar, kvar på 280 MW, utnyttar eit fall på 870 meter frå magasinet i Viddalsvatnet. Tilsiget er på 79 millionar m3 og nedslagsfeltet er på 56 km2. Midlare årsproduksjon er på 2002 GWh. Lengda på driftstunnelen er 3 km, og magasinkapasiteten er 196 millionar m3.

Etter å ha vorte brukt til kraftproduksjon i Aurland kraftverk, renn vatnet ut i Vassbygdevatn og vert utnytta i Vangen kraftverk

Anlegget er eigd og vert drive av E-Co Energi.

Utnyttinga av vasskrafta i Aurlandsdalen og fjellområda rundt var omstridd og utbyggaren, Oslo Lysverker, måtte justere dei opphavlege planane slik at det vart teke meir omsyn til naturvern. Utbygginga var den første der sivil ulydnad mot eit stortingsvedtak vart brukt som kampmiddel mot vasskraftutbygging.[2]

Fallrettane til vassdraga i området skaffa Oslo Lysverker seg allereie rett etter andre verdskrigen, men planar om utbygging vart fyrst sett i gang i 1969.

I samband med utbygginga vart det bygd veg frå Aurland over fjellet til Hol kommune. Vegen er i dag Riksveg 50. Aurland kraftverk omfattar eit stort tal kraftstasjonar, magasin, tunnelar og bekkeinntak. Vatnet nyttast fleire gonger av kraftverk som ligg i ulik høgd i området.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Aurland kraftverk» henta frå Wikipedia på bokmål den 24. november 2009. Der vart desse kjeldene gjevne

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]