Ava av Melk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benediktinerklosteret i Göttweig (Stift Göttweig)

Ava av Melk (òg Frau Ava, Ava av Göttweig eller berre Ava; fødd rundt 1060; død truleg 7. februar 1127 ved Melk eller i Klein-Wien ved Göttweig) er den tidlegaste kvinnelege tyskspråklege diktaren som er kjend ved namn. Ava skreiv på mellomhøgtysk.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ava av Melk levde først eit verdsleg liv og var gift, men blei enke og gjekk seint i livet i kloster.

Ho hadde to søner som truleg var geistlege og som hjelpte mora i den religiøse diktinga hennar. På slutten av diktet Das Jüngste Gericht nemner ho dei, og det kjem fram at berre ein av dei er i live når ho skriv diktet (jfr. «unde dem einen, der noch lebet»):

Dizze buoch dihtôte zweier chinde muoter.
diu sageten ir disen sin. michel mandunge was under in.
der muoter wâren diu chint liep, der eine von der werlt sciet.
nu bitte ich iuch gemeine, michel unde chleine,
swer dize buoch lese, daz er sîner sêle gnâden wunskende wese.
unde dem einen, der noch lebet unde der in den arbeiten strebet,
dem wunsket gnâden und der muoter, daz ist AVA.

I diktinga si brukte Ava mellom anna Beda, Hrabanus Maurus og Alkuin sine bibelkommentarar og Adsos Libellus de Antichristo eller dei latinske kjeldene hans. Dikta krinsar rundt tema som vekst, virke og slutten for den kristne kyrkja. Ho tok i bruk tekstar frå dei apokryfe skriftene og motiv som ikkje finst i Bibelen, men som var populære på hennar tid og som har vore det sidan; til dømes oksen og eselet ved Kristi krybbe.

Diktaren Ava blir til vanleg identifisert som ei «Ava inclusa» som finst i fleire nekrologar frå 1127, blant anna i Stift Melk. Dersom identifiseringa er korrekt kan ein gå ut frå at ho gjekk inn i det nederausterrikske benediktinarklosteret i Göttweig ved Krems, eller i klosteret i Melk.

I Klein-Wien ved Göttweig står det eit tårn som enno blir kalla «Avaturm».

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes
  • Leben Jesu med ein avsluttande del om Die 7 Gaben des Heiligen Geistes (i samlinga Vorauer Handschrift)
  • Antichrist (Vorauer Handschrift)
  • Das Jüngste Gericht (Vorauer Handschrift)

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Die Dichtungen der Frau Ava, red. Friedrich Maurer. Niemeyer, Tübingen 1966. (= Altdeutsche Textbibiothek; 66)
  • Die Dichtungen der Frau Ava, red. Kurt Schacks. Akademische Druck- u. Verl.-Anst., Graz 1986. (= Wiener Neudrucke; 8) ISBN 3-201-01312-9

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Ava av Melk ved Wikisource (de).