Avtale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein avtale, eller kontrakt, er i juridisk forstand ei skriftleg eller munnleg semje mellom to eller fleire partar om forhold av rettsleg karakter. Etter hovudregelen i den norske avtalelova blir ein avtale til ved at ein part aksepterer eit tilbod som den andre parten har sett fram, og det er overeinsstemming mellom tilbod og aksept. Avtaleinngåing skjer likevel ofte etter ein meir komplisert prosess med tilbod fram og tilbake før ein oppnår semje.

Etter norsk lov er munnlege avtalar like bindande som skriftlege avtalar, om ikkje anna er blitt bestemt i lov eller føregåande avtale mellom dei same partane.

For å sikra bevis for ein munnleg avtale, bør det vera vitne til stades ved inngåinga av avtalen eller det må finnast anna prov som kan sannsynleggjera at det er inngått ein avtale med eit bestemt innhald. Ein avtale mellom to partar om ein fast eigedom må ha skriftleg form dersom han skal ha eit sikra rettsvern med omsyn til utanforståande ved tinglysing.

Det finst ein del standardiserte mønster for skriftleg utforming av forskjellige typar avtalar, m.a. utarbeidde gjennom Forbrukarrådet, som avtalar med handverkarar. For avtalar kring bygg og anlegg finst ein del mønster frå Norsk Standard (NS).

Om ein avtale inneheld urimelege vilkår eller krav, kan han setjast heilt eller delvis til side av ein domstol, eller av Forbrukarombodet om avtalen gjeld varer og tenester til ein forbrukar.

Når det blir inngått avtalar om større verdiar, bruker ein vanlegvis skriftleg form. Dette blir t.d. gjort ved kjøpekontraktar for bil, båt og fast eigedom, og dessutan ved offentlege innkjøp og bygge- og anleggskontraktar (entrepriseprosjekt). Avtalar i samband med m.a. offentlege innkjøp og entrepriseprosjekt blir normalt inngåtte ved underskrift på eit særskilt avtaledokument. Ved offentlege innkjøp er det påbode at avtale blir inngått etter konkurranse «så langt det er mulig», ifølgje innkjøpslova § 5.

Avtale mellom partane i arbeidslivet blir kalla tariffavtale eller overeinskomst.

Avtale mellom to eller fleire statar blir gjerne kalla traktat eller konvensjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]