Axams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Axams frå nordaust

Axams er ein kommune i distriktet Innsbruck Land i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 22,2 km² og i kring 5 800 ibuarar. Landsbyen Axamas ligg 874 meter over havet, i kring 10 km vest-sørvest for Innsbruck. Kommunen omfattar også grendene Kristen og Bachl.

Både under Vinter-OL 1964 og Vinter-OL 1976 fann dei aller fleste alpinøvingane stad i Axamer Lizum, eit stort skiområde lengst sør i Axams kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]