Azim Isabekov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Azim Bejsjenbajevitsj Isabekov (kirgisisk Азим Бейшенбаевич Исабеков), fødd 4. april 1960 i Arasjan i Tsjuj oblast, er ein kirgisisk politikar. Han var statsminister i Kirgisistan frå 29. januar 2007 til 29. mars 2007.

Isabekov er utdanna økonom frå Det kirgisiske statlege nasjonaluniversitetet i 1986. 1997 begynte han å jobba som stabssjef for Kurmanbek Bakijev då han var guvernør i Tsjuj oblast. Han heldt fram å jobba for Bakijev då han var statsminister frå 2000 til 2002. Då Bakijev vart president i 2005 vart Isabekov med i regjeringa. I januar 2007 vart han statsminister, etter at nasjonalforsamlinga to gonger hadde forkasta nominasjonen av Feliks Kulov. Isabekov vart godkjend med 57 mot 4 røyster i nasjonalforsamlinga.