Bølgjeblekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Skott med raudmåla bølgjeblekk på sørveggen og svartmåla bølgjeblekk på taket

Bølgeblekk er valsa jernplater med langsgåande bølgemønster eller trapesforma profil. Platene er påført eit tynt lag med sink ved hjelp av elektrolyse eller varmgalvanisering.

Bølgeblikk vart oppfunne i Tyskland i 1840-åra. Det vart importert til Noreg frå slutten av 1800-talet. Bølgeforma auker bøyemotstanden vesentleg og gjer platene høvelege til taktekking og veggkleding på lette skjelettkonstruksjonar. Platene veg lite, dei er vanntette, rustbestandige, forholdsvis lette å skjære til og lette å transporere.

Bølgelengden har variert, men er vanligvis rundt 3" eller 7,5 cm. Skruar eller spiker for feste til berekonstruksjonen vert plasserte på ein bølgetopp for å hindre vatn i å trengje inn. Platene er vanlegvis 0,5 til 0,6 mm tjukke.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.