BIOS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Award BIOS.

BIOS (frå engelsk «Basic Input/Output System») er eit sett av instruksjonar i ein PC som set maskinen i stand til å kommunisere med brukarprogram og perifert utstyr som harddiskar, skrivar og skjermkort. Desse instruksjonane ligg innebygd i maskinen i såkalla ROM-brikkar og er alltid tilgjengelege på bestemte adresser i minnet til datamaskinen. Dette gjer at alle programma kan bruke intruksjonane til å utføre dei grunnleggjande inn-/ut-operasjonane sine, som datahenting, datalagring, utskrift og liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]