Baba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baba
Delar av Baba med fjellet Pelister i bakgrunnen
Delar av Baba med fjellet Pelister i bakgrunnen
Høgd over havet 2 601
Ligg i/på Republikken Makedonia
Koordinatar 40°54′56″N 21°09′58″EKoordinatar: 40°54′56″N 21°09′58″E

Baba er eit fjell nær byen Bitola i Republikken Makedonia. Den høgaste toppen er Pelister på 2 601 meter over havet. Baba er det tredje høgaste fjellet i Republikken Makedonia etter Korab og Šar Planina. Andre toppar bortsett frå Pelister er Dva Groba (2 514 moh), Veternitsa (2 420 moh), Muza (2 350 moh), Rzana (2 334 moh), Sjiroka (2 218 moh), Kozji Kamen (2 199 moh), Griva (2 198 moh), Golema Tsjuka (2 188 moh), Skrkovo (2 140 moh), Babin Zab (1 850 moh) og mange fleire. Babamassivet er eit vasskilje i området mellom Adriahavet og Egearhavet.

Pelister nasjonalpark har eit rikt plante- og dyreliv. Av planteliv finn ein mellom anna ei spesiell femnåla furu (Pinus peuce) som ein berre finn på nokre få fjell på Balkan. Av dyreliv finn ein bjørn, rådyr, ulv, gemse, hjort, villsvin, kanin, fleire ørneartar, raud rapphøne, raudnebba kaie og den endemiske makedonske pelagoniaauren.

Pelister er den eldste og nest største nasjonalparken i Republikken Makedonia etter Mavrovo. Det er eit av dei viktigaste turistområda i landet og har eit kjend skisenter.

Frå Peliste kan ein sjå Pelagoniadalen, Prespasjøen fjella Nidzhe, Galitsjitsa, Jakupitsa og Bitola. Pelister er eit av dei sørlegaste fjella på Balkan som har ein alpin utsjånad.

Pelister er òg kjend for dei to fjellvatna som ligg her. Dei vert kalla «Augo til Pelister». Det største vatnet ligg 2 218 meter over havet, medan det mindre vatnet ligg 2 180 meter over havet. Her finn ein kjeldene til fleire elvar.

På toppane er det snø sjølv midt på sommaren og enkelte stader ligg snøen året gjennom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]