Bad Gastein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn mot Bad Gastein, med Hohe Tauern i bakgrunnen
Bysenteret i Bad Gastein

Bad Gastein er ein by øvst i Gasteindalen i forbundslandet Salzburg i Austerrike, nær ved nasjonalparken Hohe Tauern. Kommunen har eit areal på vel 190 km² og i kring 5 800 innbyggjarar. Bysenteret ligg 1 002 meter over havet, og er prega av hotell som kneisar over bratte skråningar og steile stup.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Bad Gastein har ei lengre soge som ferielandsby, noko stavinga Bad avslører. I dag er staden best kjend som vintersportsstad. I vinterhalvåret kjem mange skituristar, i sommerhalvåret er fjellvandring den største aktiviteten. I og omkring Bad Gastein er det fleire anlegg for både langrenn og alpint.

Bad Gastein arrangerte VM i alpint 1958, der norske Inger Bjørnbakken vann gullmedaljen i kvinnene sitt slalåmrenn. Frå sist i 1960-åra og fram til 1988 var byen jamnt åstad for renn i verdscupen i alpint.

Etter andre slesvigske krig, var Bad Gastein vertskap for ein konferanse der Preussen og Austerrike i august 1865 inngjekk ein avtale om delinga av Slesvig og Holstein. Austerrike skulle administrere Holstein, mens Preussen fekk Slesvig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bad Gastein