Barelwi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Barelwi er namnet på ei retning innan sunniislam, som har namn etter byen Bareilly i Uttar Pradesh i India, der Ahmad Riza Khan (1857-1921) verka. Barelwi-rørsla har røter i sufisme. Riza Khan tilpassa sufi-praksis til tradisjonell lovtenkjing. Barelwi er den mest utbreidde forma for islam i sør-Asia, og er dominerande blant pakistanske muslimar i Noreg. Enkelte ser barelwi som ei form for "folkereligiøsitet" i motsetning til meir intellektuelt prega retningar, men kor presist dette er er tvilsamt. Central Jama'at-e Ahl-e Sunnat, den største moskéen i Noreg, fylgjer barelwi-retninga.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kari Vogt - Islam på norsk - Moskeer og islamske organisasjoner i Norge (Oslo, 2000)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]