India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
engelsk Republic of India

hindi भारत गणराज्य, Bhārat Gaṇarājya (norsk: India, indisk)

Det indiske flagget Det indiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Jana gana mana»
Motto satyameva djayate
(sanskrit, 'Berre sanninga vinn')
Geografisk plassering av India
Offisielle språk Engelsk, hindi og fleire andre, sjå Språk i India
Hovudstad New Delhi
Styresett
Republikk
Pratibha Patil
Manmohan Singh
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
3 287 263 km² (7.)
9,5 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
1 205 073 612 (2.)
366,6 /km² (19.)
Sjølvstende
Frå Storbritannia
15. august 1947
Nasjonaldag 26. januar
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
4 046 000 mill. USD (4.)
3 400 USD (135.)
Valuta Indisk rupi (INR)
Tidssone UTC +5.30
Telefonkode +91
Toppnivådomene .in


India er det største landet i Sør-Asia og utgjer hovudparten av det indiske subkontinentet. Det grensar til Pakistan i vest og nordvest, Kina, Nepal og Bhutan i nord og Burma og Bangladesh i aust og søraust. Kyststripa er rundt 7 517 km lang og grensar til Det indiske havet, med Det arabiske havet i vest og Bengalbukta i aust. Øystatane Sri Lanka og Maldivane ligg nær India, medan det indiske forbundsterritoriet Andamanøyane og Nikobarane, ein del av Søraust-Asia, ligg lenger ute i havet.

Den nordlegaste delen av landet omfattar Himalaya og lågare fjellkjeder. Elvar som Brahmaputra og Ganges renn sør frå Himalaya og gjennom den fruktbare og tett folkesette Gangessletta i Det nordindiske låglandet. Den sørlege delen av landet er dominert av Deccanplatået som er avgrensa av Dei austlege Ghatfjella og Dei vestlege Ghatfjella på kvar side. Klimaet varierer frå tropisk monsunklima i sør til temperert eller kaldt i nord.

India er ein sambandsstat sett saman av 28 delstatar og 7 territorium. Hovudstaden i India er New Delhi. Andre storbyar er Mumbai (tidlegare Bombay), Kolkata (Calcutta) og Chennai (Madras).

Flatevidda på over 3 000 000 km² gjer India til verdas sjuande største land, medan folketalet på rundt 1,18 milliardar (estimat frå 2010) gjer det til verdas andre folkerikaste. Landet er også kjend som verdas folkerikaste demokrati. Det har ein omfattande og raskt voksande økonomi. India har den fjerde største økonomien i verda etter kjøpekraftsparitet og den tolvte største etter BNP. I 2007 voks BNP med 9 %.

Namn[endre | endre wikiteksten]

India og Bharat er likestilte offisielle namn på landet. Namnet India er ei gresk avleiing av Indus, elva som på sanskrit heiter Sindhu og også har gjeve nemninga «hindu». Namnet blir brukt om det moderne India i nokre indiske språk og utanlands. Tidlegare kunne «India» også visa til den delen av verda India ligg i, Sør- og Søraust-Asia (Ostindia).

På nordindiske språk kan ein også bruka det persiske namnet Hindustan, 'hindu' eller 'indar-landet', som opphavleg viste til Nord-India, om heile landet. Elles bruker dei fleste indiske språka namnet Bharat som kjem frå det gamle sanskritnamnet Bhāratavarṣa, landet til den mytologiske kongen Bharata.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Topologisk kart over India

Topologi[endre | endre wikiteksten]

India kan delast i fire store geografiske regionar, Himalaya-fjellområdet, Dei nordindiske elveslettene, Deccan-platået og kyst-låglanda. Det nordlege India har grenser mot Pakistan (2 912 km), Kina (3 380 km), Nepal (1 690 km), Bhutan (605 km), Burma (1 463 km) og Bangladesh (4 053 km). Det sørlege India ligg langs sjøen, med ei kystline som er om lag 7 000 km lang.

Kart over India med større byar og stadnamn avmerkt.

Landet ligg på den indiske plata, ei jordskorpeplate som ved å driva nordover har danna Himalaya, verdas høgaste fjellkjede, som ligg i dei nordlege grenseområda av landet. Den tidlegare havbotnen som no ligg sør for fjellkjeda blei gradvis fylt med elveslam, og er i dag den fruktbare Gangessletta. Elvane Ganges og Yamuna renn aust langs denne sletta og ut i Bengalbukta. I vest er ho avgrensa av Aravallifjella, som igjen blir avløyst av Tharørkenen.

Resten av landet ligg på den opphavlege indiske plata, med fjellkjedene Satpura og Vindhya i sentrale India som nordgrense. Desse kjedene går parallelt frå Det arabiske havet i Gujarat austover til det kolrike platået Chota Nagpur i Jharkhand. Aust for fjella ligg Deccan, eit platå med Dei vestlege Ghatfjella og Dei austlege Ghatfjella langs kvar kyst. På platået finn ein dei eldste bergartane i India, nokre av dei over ein milliard år gamle. Større elvar i dette området er Godavari, Mahanadi, Kaveri og Krishnaelva, som alle renn ut i Bengalbukta, og Narmada og Tapti, som munnar ut i Det arabiske havet.

India omfattar to øygrupper: Korallatolla Lakkadivane i sørvest, og vulkanøyane Andaman og Nikobar i søraust.

Klima[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå klima i India.

Klimaet skifter frå tropisk i sør-India til temperert eller kaldt i nord-India, men heile landet bortsett frå Himalaya-fjellområdet har òg monsunklima. India har to forskjellige monsuntider, den nordaustlege monsunen frå desember til februar, og den sørvestlege monsunen frå juni til september. Tida mellom dei to monsunane er tørr og svært varm, med temperaturar over 45 grader i mange område. Denne perioden heiter «brannstjernetida» i sør-India.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Bengaltiger er nasjonaldyret til India.
Foto: Paul Mannix

India er eit land med stort biologisk mangfald. Av alle artane i verda lever 12,6 % av alle fuglar, 11,6 % av fisk, 7,6 % av pattedyr, 6,2 % av reptil, 4,4 % av amfibium og 6,0 % av dekkfrøplantar her. Mange av dei indiske artane stammar frå Gondwana frå før den indiske plata braut laus. Deretter førte samanstøytet med Laurasia til ei utveksling av artar. Fleire økoregionar har artar som berre finst her – 33 % av planteartane, 45,8 % av reptil og 55,8 % av amfibium lever berre i India. Derimot er berre 12,6 % av pattedyra og 4,5 % av fuglane endemiske, sidan mange av desse dyra har vandra inn i området frå resten av Asia etter ei vulkan- og klimaskapt masseutrydding for 20 millionar år sidan.

Store delar av landet er tredekte; ved siste undersøking var 12 % av arealet tjukk skog. Lengst sør i landet veks tropisk regnskog medan ein finn tørr eviggrøn skog med mykje teak i sentrale og nokre sørlege område, torneskog sentralt i Deccan og den vestre Gangessletta, salt og barskog i Himalaya. Tre som banyan, gudefiken og neem er viktige i indisk daglegliv, kultur og medisin. Lotusblomen har også ei viktig symbolsk rolle, og er nasjonalplanten i landet.

Menneskeleg aktivitet som jakt og nyrydding har ført til utryddingar og trugsmål mot fleire artar. 172, eller 2,9 %, av artane på IUCN si raudliste held til i India, mellom anna asiatisk løve, bengalgribb og nasjonaldyret bengaltiger. I dag er det oppretta fleire naturreservat for å verna truga plante- og dyreliv.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folketettleik i India. Område med høg tettleik (over 1000/km²) er Lakkadivane, sørvestkysten, Gangessletta med Kolkata og byar som Mumbai og Bangalore. Område med låg tettleik (under 100) er den vestleg ørkenen, austlege Kashmir, og grenseområda i Nordaust-India.

Folketalet i India er estimert til 1,2 milliardar, noko som gjer landet til det andre folkerikaste i verda. Medianalderen er 24,9 år og den årlege folkeveksten 1,38 %. Landet har 22,01 fødslar per 1000 innbyggjarar. Tilhøvet mellom kjønna er 944 kvinner per 1000 menn. Folkeveksten dei siste 50 åra har vore sterk, hjelpt av betra helsestell og matproduksjon. I løpet av 1900-talet auka talet på innbyggjarar i byar kraftig, og i 2001 hadde landet 35 byar med over éin million innbyggjarar. Samstundes budde framleis over 70 % av indarar på landsbygda.

Det indiske samfunnet har tradisjonelt vore lagdelt, eit system kjend som kaster. Den medfødde kasten kan avgjera kven ein kan gifta seg med, samhandla med og kva moglegheit ein har i samfunnet. Rikdom og privilegium er skeivt fordelte mellom ulike samfunnslag. Ein veksande middelklasse gjer at fleire får tilgang på gode, men landet er framleis prega av fattigdom. Trass i program for å minka fattigdom og auka lesekunne lever mengder av landsbybuarar under hard kår. Flukta frå landsbygda fører til framvekst av slumområde i dei store byane.

Språk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Språk i India.

Det blir snakka fleire hundretals språk i landet, 29 av dei har over ein million talarar. Språka kjem hovudsakleg frå to språkfamiliar, den indoariske (brukt av rundt 74 % av indarar, særleg i nord) og den dravidiske (rundt 24 %, særleg i sør). Hindi og engelsk er offisielle språk på statleg nivå i India, i tillegg kan kvar delstat ha offisielle språk. Berre hindi blir tala av over 10 % av innbyggjarane. Engelsk er eit viktig administrasjons-, handels- og utdanningsspråk, og det bur fleire engelsktalande i India enn i Storbritannia og Nord-Amerika til saman.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Hinduismen, buddhismen og djainismen er rekna for å ha byrja eller utvikla seg i India. Ifølgje folketeljinga frå 2001 var 80,5 % av indarar hinduar, 13,4 % muslimar, 2,3 % kristne, 1,9 % sikhar og mindre grupper buddhistar, djainar, jødar, parsarar og bahaiar. Landet har den tredje største muslimske befolkninga og den største muslimske minoriteten av landa i verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Indisk historie.
Byggverk, truleg eit bad, frå Lothal i Gujarat. Indussivilisasjonen bygde byar med kloakksystem.

Den moderne staten India oppstod først i 1947, men landområdet det ligg på har ein omfattande historie. Panjab blei folkesett av tidlegmennesket Homo erectus under pleistocen, og laga steinverktøy av acheuléentypen. Dei første moderne menneska kom truleg til Sør-Asia for rundt 70 000 til 50 000 år sidan. Bhimbetka-hòlene i sentrale Madhya Pradesh har vore busette sidan minst 9000-talet f.Kr., og inneheld hòlemåleri frå rundt 7000 f.Kr.

Brihadishwara-tempelet i Thanjavur i Tamil Nadu blei bygd under Tsjolariket.
Foto: Adam Jone

Frå rundt 2600-1900 f. Kr. utvikla indussivilisasjonen med landbruk, byar, handel og eit skriftsystem seg langs elvane Indus og Sarasvati. Denne kulturen blei avløyst av vedisk tid, då indoariske innvandrarar til Nord-India la grunnlaget for mykje av hinduismen. Det blei danna ei rekkje rike, som mahajanapadarika, ulike stader på subkontinentet. På 200-talet f.Kr. dekte Mauryariket store delar av Sør-Asia, med leiarar som Chandragupta Maurya og Asjoka den store. Asjoka var ein tidleg buddhist, og gjorde sitt til at buddhismen blei spreidd til store delar av Sør-Asia. Mauryadynastiet blei etterfølgd av fleire andre storrike, som Gupta, Tsjalukya, Tsjola, Pallava og Pandya. Fleire av rika skapte tilhøve for å utvikla kunst, kultur og vitskap på høgt nivå, og er rekna som gylne tidsaldrar i India.

Sørvestkysten av India hadde teke imot kristendommen frå 4/500-talet og islam på 600-talet, men muslimar nordfrå større omveltingar frå 700-talet. Delhisultanatet blei danna først på 1200-talet og Mogulriket, som dekte store delar av India, på 1500-talet. Dei fleste rika hadde muslimske herskarar, men ofte mange ikkje-muslimske innbyggjarar. Berre Vidjayanagara i sør og Radjputrika i nordvest var framleis under hindustyre.

Europearar byrja å etablera seg i India på 1600-talet for å driva handel, og koloniinteressar og ulike lokale rike kjempa med og mot kvarandre om større herredøme. Britane vann Bengal frå mogulane i 1757 og erobra Marathariket i 1818, og var ved midten av 1800-talet direkte eller indirekte herskarar over størsteparten av India, kjend som Britisk India. Det britiske austindiakompaniet styrte kolonien fram til opprøret i 1857, då den britiske krona tok over.

Saltmarsjen leidd av Mahatma Gandhi i 1930 var ein protest mot britane sitt økonomiske herredøme og eit ledd i frigjeringskampen for India.

På 1890-talet byrja ein kampanje for indisk sjølvstyre. Kampanjen blei svært populær på 1920-talet under Mahatma Gandhi si leiing. Særmerket til Gandhi si lære var bruk av ikkje-valdelege måter for å stå imot den britiske regjeringa. I 1947 lykkast frigjeringskampen endeleg, og India blei sjølvstendig med sosialisme, demokrati og sekularisme som grunnprinsipp. Sjølvstendet medførte delinga av Britisk India i India og Pakistan og utbreidd vald mellom ulike religiøse grupper.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Den indiske grunnlova er den lengste grunnlova til noko sjølvstendig land, og trådde i kraft 26. januar 1950. Han definerer India som ein sjølvstyrande, sosialistisk, sekulær og demokratisk republikk. Landet blir leia av ei folkeforsamling med to kammer basert på Westminster-modellen. Overhuset Rajya Sabha er organ for delstatane medan underhuset Lok Sabha er organ direkte for folket.

Presidenten i India blir indirekte vald til femårsperiodar. Statsministeren er regjeringsoverhovud og har det meste av den utøvande makta. Regjeringa underlagt parlamentet, og statsministeren blir utnemnd av presidenten ut frå kven som har majoritet i underhuset. Statsrådar med portefølje må vera medlem av parlamentet.

Partipolitikk[endre | endre wikiteksten]

Demonstrasjon for Kongresspartiet i Delhi i 2005.

På føderalt nivå er India det folkerikaste demokratiet i verda. Landet har nokre store nasjonale parti, som Kongresspartiet, Bharatiya Janata Party og Communist Party of India (Marxist), og fleire regionale. Sidan sjølvstendet har regjeringsmakta vore mest halden av Kongresspartiet, partiet Mahatma Gandhi, Jawaharlal Nehru og seinare etterkomarane til Nehru høyrde til. Frå 1950 til 1990 hadde Kongresspartiet fleirtal i parlamentet, bortsett frå i to korte periodar. I 1977 og 1980 vann valalliansen Janata Party fleirtal på grunn av folkeleg misnøye mot unntakstilstanden innført av Indira Gandhi og Kongresspartiet i 1975. Ved valet i 1989 vann ein koalisjon leidd av Janata Dal i allianse med koalisjonen Left Front valet, men lukkast berre med å halda på makta i to år. Kongresspartiet kom tilbake til makta.

Ein valdeleg konflikt mellom føderalstaten og ei sjølvstendrerørsle for den religiøse sikhminoriteten hadde ført til at Indira Gandhi blei drepen av livvaktene sine i 1984. Sonen Rajiv Gandhi tok over rolla som partileiar, men også han blei drepen, av ein sjølvmordsbombar frå LTTE, i 1991. Ved valet same året fekk ikkje Kongresspartiet fleirtal, men lukkast i å danna ei mindretalsregjering som blei sitjande heile femårsperioden. Regjeringa inleidde ein økonomisk liberaliseringsprosess som opna for internasjonal handel og utanlandske investeringar. På denna tida endra også den politiske partistrukturen i landet seg, med fleire regionale parti der dei tidlegare hovudsakleg hadde bygd på tilhøyring til kaste, etnisk eller religiøse samfunn.

I 1996 blei det hindunasjonalistiske Bharatiya Janata Party (BJP) for første gong det største partiet i Lok Sabha. Partiet danna ei kortvarig regjering i 1996. I 1998 danna det saman med fleire andre parti ei regjering som blei sitjande heile perioden, den første gongen nokre andre enn Kongresspartiet gjorde dette. I 2004 blei Kongresspartiet igjen det største partiet i Lok Sabha, og danna ei koalisjonsregjering støtta av BJP-motstandarar.

Indre konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Gjennom si moderne historie har India opplevd fleire valdelege samanstøyt mellom religiøse, språklege og kastebaserte grupperingar. Det har funne stad fleire, ofte langvarige, opprør på politiske grunnlag. Frå opprettinga er det oppretta fleire nye delstatar, ofte på grunn av språklege krav. Delstatane kan også ha konfliktar seg imellom om ressursar, som vatn.

Indisk Kashmir har veksla mellom fredelege tilstandar og full krig om området mellom India og Pakistan sidan sjølvstendet i 1947. Området har sett både terrorisme og militær undertrykking, og er framleis ikkje i fred.

Sidan 1967 har maoist-inspirerte grupper, kjende som naxalittar, drive opprør i austlege delar av India. Rørsla oppstod i Vest-Bengal og har spreidd seg til Chhattisgarh og Andhra Pradesh, alle fattige område med mykje ulikskap.

Punjab opplevde uro og opprør frå 1970-talet, då panjabitalarar, særleg sikhar, tok til å krevja større sjølvstyre og ein eigen delstat. Denne konflikten førte til drapet på fleire væpna sikhar som hadde søkt tilflukt i Det gylne tempelet, drapet på Indira Gandhi som følgje av dette, og dødelege opptøyar mot sikhar som reaksjon på hendinga etterpå.

Hinduar og muslimar var både offer og åtakarar i døydelege opptøyar med utgangspunkt i øydelegginga av Babrimoskeen i Ayodhya i 1992. Moskeen blei riven av hinduaktivistar som meinte han stod på fødestaden til Rama. Rivinga førte til store opptøyar i heile India. Konflikten braut ut att med store dødstal i Gujarat i 2002.

Militærvesen[endre | endre wikiteksten]

Soldatar frå Sikh Light Infantry.
Foto: Antônio Milena

Det indiske militæret er den tredje største militærstyrka i verda, og er reint yrkesmilitær, ettersom India ikkje har verneplikt. Presidenten i India er øvste leiar. Landet har tette forsvarsband med Russland, Israel og Frankrike, som er hovudvåpenleverandørar for landet.

India har også sin eigen organisasjon for utvikling av våpen, Defence Research and Development Organisation (DRDO), og lager mellom anna ballistiske missil, jagarfly og stridsvogner. Landet har aldri skrive under på Ikkjespreiingsavtalen, og utvikla sitt eige atomvåpenprogram med ei undergrunnssprenging i 1974 og fire nye testar i 1998 (Kina hadde utvikla våpen i 1964, Pakistan gjorde det i 1998). Landet har ein politikk om ikkje å vera det første som bruker atomvåpen i ein konflikt («No first use»). I 2008 blei India akseptert som verdas sjette atomvåpenmakt av Det internasjonale atomenergibyrået, Nuclear Suppliers Group og USA.

India i verda. Land det har vore i konflikt med er merkte med raudt, land det har gode tilhøve til med blått, og land det har viktige militære, strategiske og økonomiske band til med mørkeblått.

Internasjonale tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Sidan sjølvstendet har India vore med i Det britiske samveldet. Landet har spelt ein viktig rolle i opprettinga og drifta av Organisasjonen av alliansefrie nasjonar. Økonomisk vekst og større deltaking i den globaliserte økonomien har auka India sin påverknad på det internasjonale samfunnet, og landet har delteke aktivt i South Asian Association for Regional Cooperation (SAARC) og Verdshandelsorganisasjonen (WTO).

Konfliktar over territorium førte til krigar mot Pakistan i 1947, 1965, 1971 og 1999 og mot Kina i 1962. Etter krigane mot Kina og Pakistan på 60-talet utvikla India og Sovjetunionen eit godt tilhøve som kom til å vara til slutten av Den kalde krigen.

India har stått for fredsbevarande operasjonar som Indian Peace Keeping Force på Sri Lanka (1987-1990) og Operation Cactus mot eit kuppforsøk på Maldivane (1988).

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Føderasjonen India inneheld 28 delstatar og 7 forbundsterritorium. Desse er delte inn i distrikt som er vidare inndelte i tehsil og deretter i landsbyar.

Kvar delstat og forbundsterritoria Puducherry og Delhi har sitt eige parlament og regjering basert på Westminster-modellen. Delstatane har sjølvstyre i svært mange saker, og får enda meir politisk makt i dag etter kvart som koalisjonar blir vanlegare i føderalregjeringa. Dei andre fem territoria blir direktestyrt frå sentralregjeringa av utnemnde administratorar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Indisk middelklassefamilie nyttar seg av utleige av hest på stranda. I bakgrunnen ser ein benkar og presenning til kafédrift, utsal av kokosnøtter og båtar til å dra på fiske i.

Dei 516,3 millionar arbeidstakarane i India gjer landet til verdas andre største også i denne samanhengen. Jordbrukssektoren står for 28 % av BNP, medan industri for 18 % og tertiærnæringar for 54 %. Viktige jordbruksproduk er ris, kveite, matolje, bomull, jute, te, sukkerrøyr, potet, fisk og dyreprodukt. Viktige industriar er tekstil, kjemisk industri, matindustri, stål, transportutstyr, sement, gruvedrift, petroleum, maskinar og programvare. I 2008 stod landet for 1,68 % av verdshandelen, med petroleumsprodukt, tekstilar, smykke, programvare, kjemikalie og lêrprodukt som viktige eksportvarer. Landet importerer mellom anna råolje, maskinar, edelsteinar, gjødsel og kjemikalie.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Helse[endre | endre wikiteksten]

Verdsbanken rapporterer at 50 % av barna på landsbygda og 38 % av barna i byane er undervektige. Underernæringa er høgt konsentrert i somme område og blant vanskelegstilte kaster og stammar. Ifølgje World Health Organization døyr 900 000 indarar kvart år gjennom å drikka smittefarleg vatn eller pusta ureina luft. Sjukdommar som filariasis, malaria, spedalsksjuke, struma og trakom er endemiske i landet. Per 100 000 innbyggjarar finst det 50-60 legar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Elevar ved ein barneskule i Andhra Pradesh.

Over 95 % av barn i India får grunnskuleutdanning, men berre 40 % av ungdommar tek vidare utdanning (9.-12. klasse). 60 % av ungdoms- og vidaregåande skular er private. 10 % har tilgang til høgare utdanning, hovudsakleg blant høgare samfunnslag. Desse studentane utgjer likevel over ti millionar.[1]

Media[endre | endre wikiteksten]

Sjølvstendige indiske media har eksistert sidan kolonitida. Det finst i dag aviser, radio og fjernsyn på fleire språk. I tillegg til ei rekkje private stasjonar blir All India Radio og fjernsynsstasjonen Doordarshan drivne som statleg kringkasting.

Det blei seld 99 millionar aviser kvar dag i 2007, noko som gjorde landet til den andre største avismarknaden i verda.[2] I 1997 hadde landet 562 fjernsynsstasjonar. 81 millionar eller 7,0 % av indarar hadde internetttilgang i 2009, men berre 7,57 millionar hadde breibandtilgang.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Vegtrafikk er den viktigaste transporttypen i India, og tek mange former.
Foto: Navin Thakur

India har eit nettverk av nasjonale motorvegar som bind saman alle dei større byane og delstatshovudstadene. Rundt 65 % av all varetransport og 80 % av passasjertransport i India skjer langs vegar. 40 % av vegtrafikk skjer langs dei nasjonale motorvegane, sjølv om desse berre dekker 2 % av vegnettverket. Samstundes er mange av vegane, særleg i byane, plaga av kødanning og ulukker. Landet har berre 1 % av verdas køyretøy, men står for 8 % av dødsulukker med køyretøy i verda.

Det indiske jernbanenettverket er 63 465 km langt – det lengste i verda, og det fjerde mest brukte. Tog blir brukte til langtransport og nokre stader til jobbreising, som i Mumbai, der lokaltoget frakter 6,3 millionar passasjerar til dagen og har den tettaste passasjertettleiken i verda.

Flytransport er viktig, og flyplassane i Delhi og Mumbai står for over halvparten av all flytrafikk i Sør-Asia. I 2008 blei det estimert at landet hadde 335 flyplassar.

Tradisjonelle framkomstmåtar som gonge, riding og kjerrer er framleis i utstrekt bruk. Sykkel er også mykje brukt, og i 2005 hadde over 40 % av indiske hushaldningar ein sykkel. Private køyretøy til leige er handdregen, sykkel- eller motorisert rickshaw og bil. Bilproduksjonen auka kraftig i landet på 2000-talet, og det blei vanlegare å eiga bilar i byane, men framleis er graden av privatbilisme i landet som heile låg.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Dansande muriafolk frå sentrale India. Dei har på seg sari og lungi, klede utbreidde i store delar av India, men utforma etter deira tradisjon.
Foto: Yves Picq

Fleire sider ved indisk kulturliv er prega av at landet er eit særs fleirkulturelt samfunn, og ein finn både synkretisme og stilar særeigne for ulike grupper innan arkitektur, biletkunst, drama, musikk og så bortetter. Ulike religiøse tradisjonar frå hinduismen, buddhismen, djainismen, islam og andre har vore tett knytte til kulturen. Inndelinga i ulike grupper, etter språk, religion og kaste, har ført til framdyrking av fleire ulike tradisjonar. Indarar har også utveksla kulturuttrykk med Aust-, Sentral- og Søraust-Asia, og seinare med Vesten.

Daglegliv[endre | endre wikiteksten]

Indisk mat er kjend for ein samansett bruk av krydder. Pepar og gurkemeie kom opphavleg frå India, medan chilien er blitt viktig sidan han blei innført frå Amerika av portugisarar. Ris er basisvare sør og aust i landet, medan kveite brukt til flate brød er viktigast i nord. Fleire indarar er vegetarianarar, og matlaginga speglar dette, med vidstrakt bruk av grønsaker og belgfrukter. Samstundes er fisk og kjøt også viktige i mange mattradisjonar.

Ein finn ulike indiske klede basert på ulike klima og tradisjonar, men nokre typar har spreidd seg til størstedelen av landet. Dei usydde plagga sari for kvinner og dhoti, lungi eller vesjti for menn er særskilde for indisk kultur. Salvar kamiz og kurta-padjama er klede med persisk bakgrunn som er blitt svært utbreidde i India. Også vestlege klede, som bukse og skjorte for menn, er utbreidde.

Det indiske året er prega av ei rekkje høgtider basert på religiøse eller regionale tradisjonar. Divali, holi, vaisakhi, vidjayadasjami, vesak, id al-fitr og jul er nokre av dei. Landet som heilskap har tre nasjonaldagar — grunnlovsdagen 26. januar, sjølvstendedagen 15. august og Gandhi-fødselsdagen den 2. oktober. Dei ulike delstatane kan ha sine eigne høgtidsdagar.

Sport og spel[endre | endre wikiteksten]

Landhockey er nasjonalidretten i India, som har vunne åtte olympiske gull i greina. Cricket er ein folkesport som blir spela over heile landet, og blir spela både som gatesport og på profesjonelt nivå. Fotball og tennis har aukande interesse.

Tradisjonelle indiske idrettsgreiner er mellom anna kabaddi, kho kho og gilli-danda og kampidrettane kalarippayattu og varma kalai. Yoga er ei opphavleg religiøs treningsform som er eksportert til heile verda. Brettspel som sjakk og stigespel er rekna for å ha oppstått i India.

Arkitektur og biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Unge Krisjna som dansar. Skulptur ved Det indiske nasjonalmuseet i Delhi.

Indisk arkitektur har stått for monumentalverk som tempel, fort, mausoleum og statlege bygg i ulike stilar. I nord er særleg mogularkitekturen med Taj Mahal kjend, medan sørindisk arkitektur har følgd ein annan bane. Her finn ein til dømes hindutempel med høge, pyramideliknande tårn med forseggjorte utskjeringar.

I indisk kunsttradisjon har skulptur i rommet vore sett på som den viktigaste forma, relieff den nest viktigaste, medan måleri, rekna som ein etterlikning av skulptur, var den tredje. Det er blitt laga ei mengd skulpturar av gudar, vismenn og historiske skikkelsar, der nordindisk mathura- og sørindisk tsjolakunst kan nemnast som framifrå døme. Relieff er blitt mykje brukt til å smykka ut tempel og palass. Mogulriket førte med seg persiskinspirert biletkunst som fint måla miniatyrar. I lokalsamfunn har ein også dyrka fram eigne kunstformer, ofte utført av kvinner, som bakke- og veggbilete (til dømes kolam/rangoli og madhubanikunst).

Forteljande og utøvande kunst[endre | endre wikiteksten]

Skodespelaren TR Rajakumari i filmen Sivakavi frå 1943.

Indisk litteratur, dans og musikk har mange tema til felles. Ofte kan dei formidla religiøse eller mytologiske tema, og ta opp lengt eller kjærleik.

Ein delar inn klassisk indisk musikk i to hovudformer: Hindustani- og karnatisk musikk. Til musikken kan ein dansa klassiske, forteljande dansar som bharatanatyam, kathakali eller odissi. Dei klassiske stilane byggjer på folkemusikk og -dans, som ein også finn i ei rekkje nolevande former, til dømes som pandjabisk bhangra, assamesisk bihu og gujaratisk garba.

Dei eldgamle indiske mytene, kjende gjennom verk som Mahabharata og Ramayana, kan også formidlast gjennom skodespel eller annan litteratur. Lyrikk er blitt dyrka i mellom anna mahakavyatradisjonensanskrit og den tamilske sangamlitteraturen. Sidan kolonitida er også innførte litteraturformer, som romanar, og det er utvikla mykje indisk litteraturengelsk.

Indisk forteljartradisjon er blitt vidareført til filmen, og indisk filmindustri er den største i verda. Bollywood, senteret for hindifilmproduksjon i Mumbai, er best kjend i omverda, men dei fleste større språka i landet har etablerte filmindustriar. Film kan spreia skikkar og idéar til heile landet, og filmmusikk blir ofte populærmusikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «India» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mars 2010.
  • Cannon, John, ed. (2009), «East India Company», A Dictionary of British History, Oxford University Press 

Essays in honour of Prof. A.K. Dutt. Concept Publishing Company. ss. 271–272. ISBN 8180694615. http://books.google.com/books?id=QDmZeW1H37IC&pg=PA265&. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]