Bealey River
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bealey River er ei lita elv i Søralpane på New Zealand[1]. Ho er ei sideelv til Waimakariri River. Dalen ho renn gjennom dannar den austlege delen til fjellpasset Arthur's Pass. Elva og Bealey-busetnaden har fått namn etter Samuel Bealey, ein 1800-tals Superintendent i Canterbury Province og kvegfarmar.
I den første halvdelen av det 20. hundreåret dumpa det newzealandske jarnvegsverket utrangerte lokomotiv og jarnvegsvogner i elva for å stabilisera elvebreiddene og hindra erosjon. Nokre av desse lokomotiva og vognene er tekne opp att av historisk intereserte grupper som har som mål å få dei attende i køyrbar stand[2].
Referansar [endre]
- ↑ Place Name Detail Bealey River. Find official New Zealand place names. Land Information New Zealand. Vitja 6. desember 2012..
- ↑ Frå soga til lokomotivet N 453 - Wellington and Manawatu Railway Company No.9
- Denne artikkelen bygger på «Bealey River» frå Wikipedia på engelsk, den 9. desember 2012.