Behov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Behov (kjem frå det tyske behôv) betyr opphavleg «det som passar, er tenleg» men vert i dag brukt i andre samanhengar. Omgrepet behov er først og fremst zoologisk, der eit behov ligg føre dersom ein organisme er i ein tilstand som må endrast, til dømes når organismen manglar vatn, ligg det føre eit behov som må fyllast eller tilfredsstillast.

Når det gjeld menneske vert behov brukt om menneska sine dyriske eigenskapar og særmerke. Menneskelege behov kan delast inn i livsnaudsynlege behov, som oksygen, mat, drikke, søvn og å skilje ut avfallsemne, og sosiale behov, som sosialt samkvem. Maslows behovspyramide rangerer dei menneskelege behova i prioritert rekkjefølgje; fysiske behov, behov for tryggleik, sosiale behov, behov for vørdnad, og behov for sjølvrealisering.