Bells teorem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bells teorem vart publisert av John S. Bell i 1966 og er eit viktig resultat i kvanteteorien. Bells teorem seier at i følgje kvanteteorien er verda ikkje-lokal når det gjeld kvantefenomen. Det vil sei at den målte verdien av til dømes spinnet til ein partikkel i eit fysisk system er avhengig av dei målte spinna til dei andre partiklane i systemet, uansett kor langt frå kvarandre partiklane er i det målingane vert gjort. Vis ein avgjer å endre måleprosedyren for ein partikkel A slik at ein målt eigenskap vert endra for denne, så vil praktisk talt samtidige målingar av eigenskapane til fjerne partiklar i systemet vise tilsvarande endringar. Dette vil skje sjølv når partiklane er så langt frå kvarandre at ingen informasjon kan nå frå A til dei andre partiklane i systemet før målingane vert utført.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]