Bergens Likbrendingsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergens Likbrendingsforening i Bergen var den fyrste av dei såkalla kremasjons- eller likbrendingsforeninger i Noreg som frå slutten av 1800-talet arbeida for retten til å late dei avlidne verte kremerte, ein skikk som vart forbode ved kristninga av landet på 1000-talet. Bergens Likbrendingsforening arbeidde for denne saka frå 1893. Ei Lov om Ligbrænding vart vedteke 11. juni 1898, men dei fyrste åra måtte lika sendast til Göteborg i Sverige for å verte kremerte.

Arkitekt Schak Bull var den fyrste leiaren av Bergens Likbrendingsforening, og det vesle som finst av opplysningar om foreininga vart funne mellom dei arkivsakene han etterlet seg, og som er teke vare på av Bergen Byarkiv. Det fyrste krematoriet i Noreg vart teke i bruk på Møllendal i Bergen i 1907, teikna av arkitekt Schak Bull, som òg teikna fleire andre viktige bygg i Bergen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]