Bergeronprosessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergeronprosessen eller Bergeron-Findeisen-prosessen er prosessen bak danning av nedbør i kalde skyer ved at iskrystallar veks. Dette skjer mest på midlare og høgare breiddegrader. Teorien bak prosessen blei framsett av den svenske meteorologen Tor Bergeron i lag med den tyske meteorologen Walter Findeisen.

Vassdampen sitt mettingstrykk er større over vatn enn over is. Derfor vil vatnet vere ute av likevekt med vassdamptrykket i kalde skyer og vil fordampe for å nå likevekt. Isen kondenserer vassdampen og veks til større iskrystallar. Etter kvart vil iskrystallane bli store nok til å falle. Då kan dei kollidere med andre iskrystallar og vekse seg enno større. Denne kollisjonsprosessen kallar ein koalesens. Ein meiner i dag at dette er ein av dei mest vanlege metodane ein får danna nedbør på, sidan dei fleste skyene i atmosfæren er kalde. Det er som regel berre på lågare breidder, som tropiske strøk, at ein har varme skyer der temperaturen ikkje er under 0 °C nokon stad i skya.