Berggrunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Berggrunn tyder hardt fjell eller det geologiske underlaget for yngre og lausare fjell med lausmassar øvst. Det oppstår ulike spenningar i bergrunnen som påverkar planlegginga og bygginga av tunneler og hallar i berg, dei kallast for bergspenningar.

Ved byggarbeid er det viktig å grave ned til berggrunnen for å fundamentere byggverket. Jordbrukarar ønskjer derimot ikkje å støyte på berggrunnen for tidleg da det tyder skrint jordsmonn.

Ved geologisk kartlegging kan ein seie berggrunn eller grunnfjell i tydinga berg frå det subkambriske peneplanet, som har gjennomgått ein metamorfose og er ofte kompetente både som byggmateriale og som underlag for byggverk (fundament).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]