Bertil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prins Bertil av Sverige.

Bertil er eit mannsnamn av gammalhøgtysk opphav, særleg utbreidd i Sverige. Det har norsk namnedag den 24. august og svensk den 11. juni.

Det gammalhøgtyske Bertilo er rekna som eit kortnamn, truleg av ber(ah)t, 'lysande'. Det kan vera avleidd av Berthold, som har namneledd som tyder 'lysande' og 'makt, velde'. Bert og Bertie og kvinnenamna Berte og Berta er nærskylde namn.

Namnet har vore mykje brukt i Sverige. Den eldste kjende bruken der er frå 1396, men det var på 1800-talet at namnet blei utbreidd. Etter at prins Bertil blei fødd i 1912 blei det eit motenamn på 1920- og 30-talet, før det blei mindre populært att.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]