Bingo
Bingo er eit lotterispel med italiensk opphav, der spelet blei til på 1500-talet. Forma det har i dag fekk det i USA i løpet av 1930-åra. I Noreg har bingo fått stor utbreiing og oppnått popularitet i befolkninga sidan introduksjonen i midten av 1960-talet. Deltakarane kjøper eitt eller fleire kort med tilfeldig nummererte ruter. Arrangøren les så opp tal som òg er tilfeldig trekte, og deltakarane kryssar av dersom tala finst på korta deira. Den som først får kryssa av ein på førehand bestemt kombinasjon av ruter, f.eks. fem tal på rad eller heile korta, roper «bingo!» og vinn omgangen.[1]
Historie[endre]
Den første byggjesteinen til dagens bingospel blei lagd i Italia på 1500-talet. Dette lotterispelet spredte seg som ei farsott til fleire andre europeiske land korleis nye påverknader resulterte i modifikasjonar av det opphavlege spelet. Frå Tyskland blei spelet teke med til USA, da under namnet Beano. Passande nok inkluderte spelet markering av oppropte nummer med tørka bønner. Frå midten av 1900-talet eksploderte populariteten og utviklinga av spelet til det vi i dag kjenner som bingo. For lite over ti år sidan blei bingo overført frå dei landbaserte lokala til nett. I dag har fleire og fleire spelaktørar adoptert bingospelet i spelsortimentet sitt, og online bingo omset for milliardar i USA, Canada, Storbritannia og Noreg.
Reglar[endre]
Sjølv om det finst fleire variasjonar av spelt bingo er det visse grunnreglar som gjeld. Før spelaren kan starte spelet må ein kjøpe eit spelebrett. Dette brettet inneheld ein blanding av tal i kvar sin respektive ruter. Spelebrettet vil følgjeleg utgjere eit rutenett av tilfeldig rangerte tal. Når spelet startar vil nummererte ballar trekkjast. Dersom spelebrettet inneheld dette talet vil det følgjeleg avkryssast. Den første spelaren som har fått avkryssa tal i eit visst mønster blir kåra som vinnar. Mønstervariasjonane vil variere frå spel til spel, men dei vanlegaste inkluderer ei enkel rekkje anten loddrett, vassrett eller diagonalt, og dessutan fullt spelebrett.[2]