Bioerosjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borande svampar (Entobia) og belegg på eit muslingskjel i Nord-Carolina.

Bioerosjon er erosjon i geologiske materialar, skapt av levande organismar som planterøter og borande muslingar. Forutan den reint mekaniske verknaden (rotsprenging, boring) kan organismane skilje ut substansar (syrer), som tærer kjemisk på underlaget. Bioerosjon føregår på praktisk talt alle bergarter, men karbonatbergartar er meir utsette, fordi dei blir løyst lettare i surt vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]