Biometri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Biometri eller biostatistikk er eit vitskapleg felt som nyttar statistiske metodar på biologiske problem. Føremålet med biometri er ei matematisk handsaming av variabiliteten av og korrelasjonar mellom eigenskapar, eller fordelinga av eigenskapar i populasjonar. Biometri er grunnleggande i genetikk, evolusjonsteori, økologi og antropologi. Mange statistiske metodar er utarbeidde på grunnlag av biologisk materiale og biometri har derfor vore viktig for utviklinga av teoretisk statistikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]