Bischofshofen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Bischofshofen
Kart over Austerrike, Bischofshofen markert med blå prikk

Bischofshofen er ein by i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Byen har eit areal på 49,5 km2 og hadde 10 290 innbyggarar i 2011. Byen, som er hovudstad i distriktet St. Johann im Pongau, ligg 544 meter over havet.

Byen har vakse fram kring eit kloster som vart bygt på staden i byrjinga av 700-talet. Namnet Bischofshofen tyder då også biskopsgarden. I dag er byen særleg kjend for å arrangere avslutningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Bjørn Wirkola vann dette rennet i tre år på rad, 1967-69.