Boknafisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boknafisk , av bokne, 'bli halvtørr'[1] (jf. òg samisk boahkkeguolli)[treng kjelde] er ein halvtørr torsk.
Boknafisk vert framstilt på ulike måtar:
- Usalta fisk kan bli hengt på hjell som tørrfisken, men bli tatt ned for konsum etter omtrent tre veker. Slik boknafisk er som oftast delt i to slik at han heng saman i sporden før han blir hengt.
- Boknafisk kan òg lagast av rund og sperra fisk, men blir då oftast kalla hjellosing.
- Lettsalta fisk, anten tørr- eller våtsalta, fisk kan bli flekt og salta i to- tre dagar før han blir hengt på ein naustvegg el.likn. og tørka nokre dagar. Fordelen med slik lett salting, er at fisken då ikkje vert så utsett for flogemakk.