Boomerang
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boomerang er ein norskspråkleg barnekanal som sender animasjons- og teiknefilmar heile døgeret, både klassiske og moderne seriar. Kanalen er eig av amerikanske Turner Broadcasting System, som er ein del av mediekonsernet Time Warner. Boomerang var opphavleg eit segment på systerkanalen Cartoon Network, men debuterte som eigen fjernsynskanal den 1. april 2000. I Noreg er Boomerang tilgjengeleg hjå betaltv-leverandøren Canal Digital.