Bukse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bukse funne i myra Thorsbjerg Mose i Schleswig-Holstein, truleg frå rundt år 350 under jernalderen.

Bukse er eit klesplagg som dekker underkroppen og omsluttar ein større eller mindre del av kvart bein. Ordet stammar frå lågtysk buxe, frå 'buckhose', som tyder 'brok av bukkeskinn'.

Ei bukse har eit rom for kvart bein. Ei bukse skil seg dermed frå ein kjortel eller ein kjole, som berre har eit rom. Variantar av buksa er langbukse, kortbukse og nikkers.

Kvinner med bukser i Astrakhan i 1902.

Ein har brukt bukseliknande plagg sidan oldtida. Nord i Europa blei skikken innført med ridande steppefolk frå aust i jernalderen. Bukser blei meir og meir vanlege i Europa gjennom mellomalderen, og fortrengde stort sett kjortlar og tunikaer blant menn.

Historisk var bukser særleg eit mannsplagg i Vesten. Dette heng igjen gjennom at kvinner framleis ofte bruker kjolar eller skjørt ved høgtidelege høve. Andre stader, som tradisjonelt i Asia og Nord-Amerika, har derimot både menn og kvinner brukt ulike slag bukser.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bukse