Bulldogg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Bulldog and the Cat. Måleri av Arthur Heyer.

Bulldogg (frå eng. bulldog, 'oksehund') er ei gruppe hunderasar med opphav i hundar brukte til oksekampar i England. Dei er kjenneteikna av breitt hovud, flattrykt snute og underbitt. Den noverande engelske bulldoggen, som er rekna som eit engelsk nasjonalsymbol, har særs stort hovud og korte bein. Andre typar har mindre overdrivne kroppsdelar.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Frå mellomalderen til midten av 1800-talet var kamp mellom okse og hund utbreidd som underhaldning. Oksehundane ein brukte til desse var lettbeinte, kraftige og kamplystne. Dei kan ha stamma frå doggar innførte av ulike folkeslag som spreidde seg gjennom Europa. Ei romersk skildring omtalar britiske kamphundar som «breimunna», noko også bulldoggar er.

Moderne bulldoggar[endre | endre wikiteksten]

Grusame dyresportar som oksekampar blei forbodne i England og Wales i 1835, og ein trengde ikkje lenger oksehundane. Fleire typar døydde ut. Bulldoggar overlevde likevel i USA, der dei blei brukte som gardshundar, og i England, der dei blei avla fram til godslege, stuttvaksne familiehundar. Andre avleidde rasar, som ikkje blir rekna som bulldoggar, er boxer, bullterrier, pitbullterrier og fleire andre.

I nyare tid er det også blitt avla fram minatyrutgåver av hundane, som fransk bulldogg, og ein har gjort fleire forsøk på å gjenskapa den opphavlege langbeinte engelske bulldoggen. Engelsk bulldogg har lenge vore eit symbol for England, godt hjelpt av at den typifiserte engelskmannen blir kalla John Bull.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]