Byantikvarens gule liste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Byantikvarens gule liste er eit oversyn som Byantikvaren i Oslo har laga over registrerte verneverdige kulturminne og kulturmiljø i Oslo. Registeret gjev opplysningar om kvar det ligg føre av erkjente og prioriterte verneinteressar innanfor grensene til Oslo kommune. Det er registrert flest bygningar og bygningsmiljø i Gul liste, men lista inneheld òg ei særs mangfaldig samling andre kulturminne.

Gul liste vert oppdatert fortløpande, både med tilføyingar og strykingar, men gjev aldri det fulle og heile oversynet over kulturarven i Oslo. Lista må i alle høve ikkje nyttast som om det berre er dei registrerte kulturminna og kulturmiljøa på lista som er antikvarisk verneverdige.

Det er tre hovudkategoriar av vernetypar på dei kulturminna som er oppført på lista: 1) kulturminna er formelt freda etter Kulturminnelova, 2) dei er formelt verna ved regulering etter Plan- og bygningslova, eller 3) dei er berre kommunalt listeført som verneverdige, utan å vere formelt verna. Dersom ein eigedom er registrert i Gul liste, vil Plan- og bygningsetaten i Oslo oversende Byantikvaren alle byggjesaker som vedkjem eigedomen, slik at Byantikvaren skal kunne gje ei rådgjevande fråsegn. Saka vert deretter send attende til Plan- og bygningsetaten for endeleg førehaving og avgjerd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]