Bygdeborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brystvernet ved Ravneberget fort i Sarpsborg
Ismantorps fornborg på Öland i Sverige

Bygdeborg eller tjuveborg er eit primitivt festningsanlegg, helst reist på små og bratte fjelltoppar som er utilgjengelege frå fleire kantar. Dei ligg gjerne på strategisk viktige stader, og med god utsikt over den nærliggjande bygda.

Forsvarsverka er som regel bygd opp av enkle tørrsteinsmurar av naturstein som truleg har vore forsterka eller supplert med palisadar, og finst helst mot den sida av åsen eller høgda der tilgangen er lettast. Det er sjeldan funne restar av huskonstruksjonar innanfor murane, men dei fleste borgene har hatt tilgjenge til vatn ved brønnar eller naturlege kjelder. Bygdeborger er vanlege i både Sverige og Noreg, og ein reknar med at dei norske borgene for det meste skriv seg frå eldre jarnalder (romersk jarnalder og folkevandringstida).

Bygdeborgene vert dels rekna som førebels stader for tilflukt under urolege høve i folkevandringstida, og dels som festningsanlegg i utkantane av dei gamle rika. Fleire norske namn på «slott» eller «borg» er knytt til slike bygdeborger. Det er funne meir enn 300 bygdeborger i Noreg, særleg konsentrert om Oslo-området, i Rogaland og i Trøndelag.

Kjente bygdeborger frå ulike kantar av Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • Ravneberget, Sarbsborg, Østfold
  • Skaugumsåsen, Asker, Akershus
  • Kolsås, Bærum, Akershus
  • Stein, Ringsaker, Hedmark
  • Høgdebø på Vollen, Kongsberg, Buskerud
  • Skanse i Gunhildrud, Øvre Eiker, Buskerud
  • Stein, Skoger, Buskerud
  • Gråtoppslottet, Drangedal, Telemark
  • Slottet i Bergsbygda, Eidanger, Telemark
  • Steinviksås, Solum, Telemark
  • Borgefjell, Lista, Vest-Agder
  • Saleslottet, Lista, Vest-Agder
  • Røykenes, Sveio, Rogaland
  • Steinslandssåto, Utbjoa, Rogaland
  • Ytraberg, Hafrsfjord, Rogaland
  • Sandvinhaugen, Odda, Hordaland
  • Borgklinten, Ørland, Sør-Trøndelag
  • Hoøya, Selbu, Sør-Trøndelag
  • Slottet, Harstad, Troms

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]