Candidatus philologiæ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Candidatus philologiæ (hankjønn) eller candidata philologiæ (hokjønn), ofte forkorta til cand.philol. i Noreg og cand. phil. i Danmark, er ein norsk og dansk høgre universitetsgrad som i Noreg normalt inneber minimum tre eller fire semesters spesialisert studium («hovudfag») innanfor filologiske fag etter fullført cand. mag.-grad og innlevering av ei avhandling, den såkalla hovudoppgåva eller hovudfagsoppgåva. I internasjonal samanheng blir graden gjerne rekna som ekvivalent med M.Phil. eller M.A., men i praksis varierer dei akademiske gradane mykje i innhald og omfang.