Cap Gris Nez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solnedgong ved Cape Gris Nez
Cape Gris Nez

Cap Gris Nez er eit nes på Côte d'Opale i Pas-de-Calais département Nord-Frankrike. Det ligg mellom Wissant og Audresselles i kommunen Audinghen.

Klippene på Cap Griz Nez er det punktet i Frankrike som er nærast England - 34 km frå Dover i England. Dekte av strandnellik og fjærekoll er klippene eit flott utkikkspunkt for å sjå hundrevis av skip frå store oljetankarar til små trålarar i sjøen nedanfor.

På toppen av klippene ligg restane av ein engelsk festning bygd av Kong Henry VIII på byrjinga av 1500-talet. Under den andre verdskrigen bygde tyskarane eit blokkhus inn i ruinane, og staden vart frigjeve av kanadiarane i september 1944.