Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
République française

(norsk: Frankrike, fransk)

Det franske flagget Det franske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «La Marseillaise»
Motto Liberté, égalité, fraternité (Fridom, likskap og brorskap)
Geografisk plassering av Frankrike
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Paris
Styresett
Parlamentarisk republikk
François Hollande
Jean-Marc Ayrault
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
643 801 km² (42.)
0,26 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
65 630 692 (21.)
101,9 /km² (68.)
Nasjonaldag 14. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
2 160 000 mill. USD (9.)
33 300 USD (29.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +33
Toppnivådomene .fr


Republikken Frankrike eller berre Frankrike (fransk: République française eller France) er eit land i Vest-Europa med fleire territorium i Stillehavet og det karibiske havet. Den europeiske delen blir sagt å vera sekskanta, med tre kystar mot Middelhavet, Atlanterhavet og den engelske kanalen, og tre landegrenser: Til Spania og Andorra i sørvest, til Sveits, Italia og Monaco i søraust, og til Belgia, Luxembourg og Tyskland i nord. Berre kanalen skil landet frå Storbritannia.

Landet har hatt stor innverknad på historia til både Vest-Europa og resten av verda. Den franske revolusjonen inspirerte til opprør og politisk endring i andre land, og innførte nye ordningar, som menneskerettane og SI-systemet, som skulle bli verdsomspennande. Frankrike har òg vore ei stor kolonimakt, og styrer framleis nokre fjerntliggjande territorium. I denne samanhengen har landet hatt ord på seg for å gjera mykje vondt mot dei det herska over.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fransk historie.

Grensene til Frankrike i dag ligg stort sett ved dei same grensene som oldtidas Gallia, slik dei keltiske gallarne rådde over landet. Gallia vart erobra av Romarriket i det første århundret f.v.t., og gallarane tok til seg latinsk språk og kultur. Kristendomen slo røter i det andre og tredje hundreåret av vår tidsrekning. I folkevandringstida300-talet kom germanske stammar frå aust inn i Gallia. Fremst av desse var frankarane som namnet «Frankrike» kjem frå. Bruken av namnet «Frankrike» for den moderne republikken kjem frå eit føydalsk domene rundt Paris. Karl den stores frankiske keisarrike vart i 843 delt i ein austre, ein sentral og ein vestre del. Den austre delen (som snart vart omgjort til Det heilage romerske rike) var starten på det som seinare har blitt Tyskland, den vestre delen vart kongedømet Frankrike.

Etterfølgarane til Karl den store regjerte over Frankrike til 988, då Hugh Capet, hertug av Frankrike og greve av Paris, vart krona til konge av Frankrike. Hans etterfølgarar (som utgjorde dynastia Capetian, Valois og Bourbon.) styrte landet til 1792. Den franske revolusjonen starta i 1789 og resulterte i at Frankrike vart ein republikk i 1792.

Napoleon Bonaparte tok kontroll over republikken i 1799 og gjorde seg sjølv til første konsul. Fleire blodige krigar herja då over heile Europa, Naploeon erobra fleire land og etablerte nye kongedømer med sine eigne familiemedlemer som overhovud. Etter Napoleons endelege nederlag i 1815 vart det franske monarkiet gjeninnført, men vart så avskaffa og følgt av ein ny republikk i 1848. Den andre republikken varte til Napoleons nevø Louis-Napoléon Bonaparte vart valt til president og erklærte seg sjølv som keisar i 1852. Keisar Napoleon III vart avsatt og ein tredje republikk innført i 1870.

Frankrike var på den sigrande sida i begge verdskrigane på 1900-talet. Frankrike leid likevel store tap både økonomisk og menneskeleg. Særleg den første verdskrigen gjorde stor skade i Frankrike. Det franske verdsimperiet mista store landområde, og statusen som ein dominerande verdsmakt forsvann. Etter den andre verdskrigen vart den fjerde republikken danna. I 1958 vart det utarbeida eit semipresidensielt demokrati, kjent som den femte republikken.

Etter siste verdskrig har Frankrikes forsoning og samarbeid med Tyskland vist seg å vera sentralt i spørsmålet om politisk og økonomisk integrasjon av Europa, mellom anna med innføring av felles valuta (euro) i januar 1999.

Frankrike har stått i spissen av europeiske statar som ønskjer å nytta den monetære unionen til å fremme eit meir samla og handlekraftig europeisk politisk-, forsvars- og tryggleiksapparat. Men det er teikn på at dette har gått for fort for folket i Frankrike. I ei folkeomrøysting i mai 2005 vart det fleirtal mot ratifiseringa av traktaten om ei forfatning for Europa.

Kart over Frankrike

Regionar[endre | endre wikiteksten]

Frankrike er delt inn i 22 regionar. Regionane er igjen delt inn i departement, som igjen er delt inn i arrondissement og kommunar.

Dei franske regionane er:

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fransk geografi.

Medan France métropolitaine ligg i Vest-Europa, har Frankrike òg mange andre territorium i Nord-Amerika, Karibia, Sør-Amerika, Det indiske havet, Stillehavet og Antarktis (sjølv om Antarktis vert styrt av Antarktistraktaten).

Den franske republikken, inkluder oversjøiske departement og territorium outre-mer

Det metropolitanske Frankrike dekkjer eit areal på 551 695 kvadratkilometer, og har eit svært variert landskap, frå kystsletter i nord og vest til fjellkjedene Alpane i søraust, Massif Central sentralt i sør og Pyreneane i sørvest. Det høgaste punktet i Frankrike, Mont Blanc på 4 807 meter over havet, er òg det høgaste fjellet i Alpane og i Vest-Europa. Det ligg på grensa mellom Frankrike og Italia. Det metropolitanske Frankrike har òg eit omfattande elvesystemet med store elvar som Loire, Garonne, Seinen og Rhône, som skil Massif Central frå Alpane og munnar ut i Middelhavet ved Camargue, det lågaste punktet i Frankrike (2 meter under havnivå). Korsika ligg utanfor Den franske rivieraen.

Satellittbilete av Metropolitan-Frankrike, august 2002

Det totale landarealet til Frankrike med oversjøiske departement og territorium (utanom Adélie Land) er 674 843 km², 0,45 % av det totale landarealet på Jorda. Frankrike har derimot den nest største økonomiske sona med eit areal på 11 035 000 km², om lag 8 % av det totale arealet til alle økonomiske soner i verda. Berre USA har større (11 351 000 km²).

Klima[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fransk geografi#Klima.

Metropolitan-Frankrike ligg mellom 41º og 52º Nord, i den vestlege delen av Europa, og derfor i den tempererte sona. Dei nordlege og nordvestlege områda har temperert klima, medan avstand frå havet, breiddegrad og høgd påverkar klimaet i resten av landet. I søraust har Frankrike middelhavsklima. I vest er det maritimt klima med meir nedbør, milde vintrar og kjøligare somrar. Dei indre områda har varme og stundom steikande somrar med torevêr, og kaldare vintrar og mindre regn. Klimaet i Alpane og andre fjellområdet er alpint, med 150 frostdagar i året og snødekke som varer opp til seks månadar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frankrike
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.