Carl Ludwig Siegel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Carl Ludwig Siegel | |
Carl Ludwig Siegel in 1975 |
|
| Fødd | desember 31, 1896 Berlin, Imperial Germany |
|---|---|
| Død | 4. april 1981 (84 år) Göttingen i Vest-Tyskland |
| Kjend for | Talteori |
| Utmerkingar | Wolf-prisen i matematikk |
Carl Ludwig Siegel (31. desember 1896–4. april 1981) var ein tysk matematikar som hadde hovudfokus på talteori og celestmekanikk. Han vart rekna som ein av dei viktigaste matematikarane på 1900-talet.[1]
Han var professor i Göttingen og ved Institute for Advanced Study i USA frå 1940 til 1946. Siegel publiserte mange arbeid innan talteori, funksjonsteori og diskontinuerlege grupper. Han arbeidde tett med norske talteoretikarar og betra mellom anna A. Thue sine resultat om tilnærming av algebraiske tal, den såkalla Thue–Siegel-setninga.
Kjelder [endre]
- ↑ Perez, R. A. (2011) A brief but historic article of Siegel, NAMS 58(4), 558-566.