Cedi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cedimyntar.

Cedi (uttala 'sidi') er valutaen i Ghana. Valutakoden er GHC

1 cedi blir delt i 100 pesewa, men minste gongbare mynt er 50 cedi.

Valutaen har vore utsett for sterk inflasjon; i 1983 var kursen 1 USD = 90 cedi, i 1993 1 USD = 720 cedi og i 2003 1 USD = 8 500-8 800 cedi.

Pengesetlane finst i desse valørane:

  • 1 000 cedi
  • 2 000 cedi
  • 5 000 cedi
  • 10 000 cedi
  • 20 000 cedi

Myntane finst i desse valørane:

  • 50 cedi
  • 100 cedi
  • 200 cedi
  • 500 cedi