Château de Fieuzal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Château de Fieuzal er ein Bordeauxvin frå Pessac-Léognan appellation, rangert mellom Premiers Crus for raudvin i klassifikasjonen av Gravesvin frå 1953 og 1959. Slottet produserer òg kvitvin som ikkje er klassifisert.[1] Vinkjellaren og vinmarkene er lokalisert sør for byen Bordeaux, i kommunen Léognan. Slottet har sidan 2008 nytta satellitt til å planlegge innhaustinga.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Château de Fieuzal er eit gammalt slott som ei gong i tida høyrde til familien La Rochefoucauld. Det var svensken Erik Bocké, som var gift med slottsarvingen Odette etter andre verdskrig, som gjorde vinene frå slottet kjent.[1][3] Château de Fieuzal vart overtatt av Lochlann og Brenda Quinn i 2001.[4]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Vinmarkene dekker 48 hektar, 39 hektar med raude vinstokkar med 60% Cabernet Sauvignon, 33% Merlot, 4.5% Cabernet Franc og 2.5% Petit Verdot. Dei kvite vinstokkane dekker ni hektar med like delar av Sémillon og Sauvignon Blanc[4]

Av Grand vin Château de Fieuzal og andrevin L'Abeille de Fieuzal er typiske årlege produksjonen på 13 000 kassar raudvin og 4 000 kassar av tørr kvitvin.[4]

Uttale av namnet[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Peppercorn, David (2003). Bordeaux. London: Mitchell Beazley. ss. 321–322. ISBN 1-84000-927-6. 
  2. http://www.frenchwinenews.com/chateau-de-fieuzal-under-the-satellite/
  3. Lichine, Alexis (1967). Alexis Lichine's Encyclopedia of Wines and Spirits. London: Cassell & Company Ltd.. ss. 254. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Kissack, Chris, thewinedoctor.com. «Chateau de Fieuzal». http://www.thewinedoctor.com/bordeaux/fieuzal.shtml. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]