Children, Go Where I Send Thee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Children Go Where I Send Thee»

«Children, Go Where I Send Thee» er ein tradisjonell julesong kjend frå USA som er bygd opp som ei telleregle med kristent innhald. Han er også kjend som «Children, Go Where I Send You», «The Holy Baby», «Little Bitty Baby», «Born in Bethlehem» og andre variasjonar. Songen blir gjerne rekna som ein afroamerikansk variant av den engelske folkesongen «Come and I will sing you» (eller «Green grow the rushes, oh», «The Twelve Apostles», «Carol of the twelve numbers» og fleire), som er funne i store delar av Nord-Amerika. Begge typane har Roud-nummeret 133.

Han er eit kjend nummer innan gospelmusikk, men er blitt framført i ei rekkje stilar. Blant musikarar som har spelt han inn er Mary Chapin Carpenter, Nina Simone, Natalie Merchant, The Weavers, The Kingston Trio, the Blind Boys of Alabama, Peter, Paul and Mary, Mandisa, Johnny Cash, Mahalia Jackson, Tennessee Ernie Ford, Mormon Tabernacle Choir, Scala & Kolacny Brothers, Hall and Oates, REO Speedwagon og Nick Lowe.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Songen finst i fleire variantar. Den under blei samla inn av Jean Ritchie ved ein afroamerikansk baptistskule i Kentucky.

Første vers:

Children, go where I send thee
How shall I send thee?
I'm gonna send thee one-by-one
One for the little bitty baby
Wrapped in swaddling clothing
Lying in the manger
Born, born oh, born in Bethlehem.

Andre vers:

Children, go where I send thee
How shall I send thee?
I'm gonna send thee two-by-two
Two for Paul and Silas
One for the little bitty baby
Wrapped in swaddling clothing
Lying in the manger
Born, born oh, born in Bethlehem.

I dei neste versa blir det lagt til eitt nytt tal før ein tel nedover att:

  • Three-by-three: Three for the three men riding...
  • Four-by-four: Four for the four that were knocking at the door....
  • Five-by-five: Five for the Five that came back alive....
  • Six-by-six: Six for the six that never got fixed....
  • Seven-by-seven: Seven for the seven that all went to Heaven
  • Eight-by-eight: Eight for the eight that stood at the gate....
  • Nine-by-nine: Nine for the nine that stood in the line....
  • Ten-by-ten: Ten for the Ten Commandments....
  • Eleven-by-eleven: Eleven for the eleven deriders....
  • Twelve-by-twelve: Twelve for the Twelve Apostles.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]