Christian Doppler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Christian Andreas Doppler)
Gå til: navigering, søk

Christian Andreas Doppler (29. november 180317. mars 1853) var ein austerriksk fysikar og matematikar, mest kjend for å ha lagt fram hypotesen om det som sidan er kjent som dopplereffekten. I eldre skrifter vert fornamnet til Doppler ofte feilaktig omtala som Christian Johan.

Christian Andreas Doppler

Doppler blei fødd i Salzburg. Etter studiar i Wien blei han i 1835 tilsett som lærar i matematikk og rekneskap ved den polytekniske skulen i Praha, professor same stad frå 1841. Han la der 25. mai 1842 fram monografien Über das farbige Licht der Doppelsterne und einige andere Gestirne des Himmels der han skildra sin teori. Teorien blei empirisk prøvd av nederlendaren Christoph Hendrik Diederik Buys Ballot i juni 1845 ved hjelp av eit lokomotiv og fleire hornblåsarar.

I 1850 blei Doppler den første direktøren og professoren ved det nyoppretta Institutt for fysikk ved Universitetet i Wien. Han døydde tre år seinare som rekonvalesent i Venezia, grunna helseproblem som hadde plaga han sidan barndommen.

Huset der Doppler blei fødd har i dag adressa Markart Platz 1, Wolfgang Amadeus Mozart budde sju år av livet sitt i Markart Platz 8.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Eden, Alec: The search for Christian Doppler. Wien, 1992.

Verdsveven[endre | endre wikiteksten]