Chungking Mansions

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Framsida på Chungking Mansions.

Chungking Mansions er ein bygning som ligg i 36-44 Nathan Road i bydelen Tsim Sha Tsui i Kowloon i Hongkong. Bygningen er kjend for å tilby nokon av dei billegaste alternativa for overnatting i Hongkong. Bygningen er i utgangspunktet eit bustadskompleks, men inneheld mange små gjestehus og hotell som tilbyr billeg overnatting.

Bygget inneheld òg eit kjøpesenter med mange restaurantar, vekslingskontor, og butikkar som sel ymse elektronikk, mobiltelefonar, datamaskiner, kle og krydder. Bygget er ein særs populær samlingsplass blant etniske minoritetar frå Sør-Asia, Midtausten og Afrika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chungking Mansions