Coloradopartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coloradopartiet

Skipa11. september 1887
HovudkontorAsunción
LeiarLilian Samaniego
Ideologinasjonalkonservatisme
Nettstadhttp://www.anr.org.py/ Sjå dette på Wikidata
Flagget til Coloradopartiet

Coloradopartiet, eigentleg Asociación Nacional Republicana (ANR), men mest kjent under namnet Partido Colorado, er eit politisk parti i Paraguay. Partiet blei skipa den 11. september 1887 av Bernardino Caballero.

Coloradopartiet styrte landet i periodane 1887–1904 og 1946–2008. Frå 1947 til 1962 var partiet det einaste tillatne partiet i Paraguay og utgjorde, saman med militæret, grunnlaget for Stroessner-regimet.

I presidentvalet i april 2008, tapte presidentkandidaten til partiet Blanca Ovelar kampen mot Fernando Lugo.[1][2] Dimed blei eit 62 år langt hegemoni brote, noko som var verdsrekord (to år lengre enn Kinas kommunistparti).[3]

I 2018 vann Mario Abdo Benítez frå Coloradopartiet presidentvalet, og i 2023 blei han avløyst som president av Santiago Peña, som også stilte for Coloradopartiet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Coloradopartiet