Computertomografi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Computertomografi (forkorta CT), opphavleg engelsk Computed Axial Tomography (CAT) og body section roentgenography, er ein radiologisk undersøkingsmetode. Det blir laga snittbilde (tomogram) som syner kroppslege strukturar i ulike plan, eventuelt tredimensjonalt. Ordet tomogram er avleia frå gresk tomos (snitt) og graphia (beskriving). Sjølv om bruk av CT er mest vanleg innanfor helsevesenet, blir det òg nytta innanfor andre område, t.d. materialprøving.