Corbassièrebreen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Glacier de Corbassière | |
|---|---|
|
|
|
| Type | Dalbre |
| Stad | Valais, Sveits |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 17,4 km² |
| Lengd | 9,8 km |
Corbassièrebreen (Glacier de Corbassière på fransk) er ein dalbre i Grand Combin-massivet i Wallis-Alpane sørvest i Valais. Han er litt under 10 km lang og har ei breidde på kring 1 km i snitt. Breen dekkjer eit areal på kring 17 km².
Corbassièrebreen har opphav i nordsida av Grand Combin på over 4000 meter over havet. Bretunga endar kring 2300 meter over havet.
På den høgre sida av den nedre delen av elva ligg fjellhytta François-Xavier Bagnoud (2645 moh) som er utgangspunkt for turar til breen og Grand Combin-massivet.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Corbassière Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2011.