Døv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døv, dauv, dauvskap, dauv/døvhøyrd
Medisinsk namn: anacusis
Deaf or HoH person at his workplace using a Video Relay Service to communicate with a hearing person via a Video Interpreter and sign language SVCC 2007 Brigitte SLI + Mark.jpg
Videokonferanse der ein bruker teiknspråk
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-10-kode: H90.-H91.
ICD-9-kode: 389
DiseasesDB 19942
MeSH D034381

Dauvskap, det å vera døv eller døvhøyrd, vil seia at ein har så stor høyrslehemming at ein høyrer så godt som ingenting.

På verdsbasis er grovt rekna 1 av 1000, eller 0,1%, døve. Dette talet er høgare i utviklingsland der innbyggjarane har dårlegare tilgang på medisinsk hjelp. Døve kommuniserer med andre ved hjelp av teiknspråk eller å lesa på leppene og artikulera lydar, eller skriva. Dei alle fleste døve er eldre menneske som utvikla tilstanden etter at dei avslutta skolegangen, og må derfor læra seg desse evnene som vaksne.

Medan høyreapparat ikkje kan hjelpa dei som er heilt døve, kan cochleaimplantat, som stimulerer høyrselsnerva direkte, vera til hjelp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]