Deûle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deûle ved Wambrechies.

Deûle er ei elv nord i Frankrike. Det meste av elva er kanalisert (frå Lens til Lille). Den øvre delen av elva renn derimot stort sett fritt, og vert kalla Souchez. Deûle er ei av sideelvane til Lys frå høgre, og munnar ut i ho ved Deûlémont.

Souchez, kalla opp etter landsbyen med same namn, har utspring der småelvane Carency og Saint-Nazaire renn i hop.

Den kanaliserte delen av elva består av to greiner:

  • kanalen kalla Høge Deûle, som knyter Lys til Scarpe (ei sideelv til Schelde) i Douai
  • kanalen i Lens

Like nedanfor Lens, er kanalen uvanleg høgtliggande samanlikna med breidda rundt. Dette kjem som følgje av nedsynking som følgje av gruvedrift.

Deûle renn gjennom departementa Pas-de-Calais og Nord, og byane Lens, Wingles, Loos, Lille, Wambrechies og Quesnoy-sur-Deûle, før ho munnar ut i Lys ved Deûlémont.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Deûle